Stipendutlysing: barne- og ungdomslitteraturkonferansen Se og les i Bergen

God kjennskap til barne- og ungdomslitteratur er nødvendig kunnskap for tilsette i mobile bibliotek.

Mobilis, Norsk bibliotekforening si spesialgruppe for mobil bibliotekverksemd, lyser derfor  ut to stipend til Se og les, barne- og ungdomslitteraturkonferansen i Bergen, 11.-12. februar. Programmet er enno ikkje klart, men vert etterkvart publisert her:  https://bergenbibliotek.no/barn/seogles?searchterm=None

Dei som søkjer stipend, må legge ved eit budsjett for reise og opphald. Stipendet sin storleik vert bestemt ut i frå kva kostnadar den enkelte har for å kunne ta del i konferansen.

Personlege medlemmer av Mobilis kan søkje stipend.

Dei som får stipend, må skrive ein rapport frå konferansen som vi kan dele med andre medlemmer og interesserte i Facebook-gruppa og på bloggen vår.

Søknad kan sendast: sigrid.furnes@hfk.no

Søknadsfrist: fredag 20. desember 2019.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *