Styremøtereferat 23.01.19

Referat frå styremøtet 23. januar 2019 Skype
Tidspunkt: kl. 11:00
Til stades: Tove og Sigrid
Meldt fråfall: Kristian, Jørgen, Anne Gerd, Olga
Referent: Sigrid


Det er ganske tvilsamt om det var eit beslutningsdyktig styre som hadde møte i dag, i og med at berre to av medlemma var til stades. Både Kristian og Olga prøvde å kople seg på utan hell. Nummereringa av innkallinga var feil i høve at det var eit styremøte det var kalla inn til. Både innkalling og referat vert korrigert i høve rett nummerering.

Sak 8: Oppfølging og referatsaker
Til referat frå styremøte er det det å seie at punkt 5: Styremøte og studietur til Aalborg, Danmark ikkje blei noko av. Det vart heller ikkje lyst ut stipend til dette bokbusstreffet, og både Tove og eg er i stuss på bokbusstreffet i det heile fann stad.

Sak 9: Til årsmelding 2018
Dette var eit punkt med oversikt over saker har engasjert oss i 2018. Det skal inn i årsmeldinga for 2018-2019. Ei sak som ikkje er med i oversikta er innlegget som vart halde på Det 76. norske bibliotekmøtet i Sandefjord 14. mars 2018. Innlegget hadde tittelen «Det er fra sine eigne ein skal ha det» og vart halde av Anne Gerd Lehn.

Sak 10: Aktivitetsstøtte
Vi søkjer om kroner 8.000 for 2019.
a) Rapportering av aktivitetar i 2018:
Studietur Ålborg bokbussmøte 2. juni med eige stand og fysisk styremøte Målgruppe: styrets medlemmar og evt. varamedlemmar. Sum: 10.000,- kr Stipend / reisetilskot studietur Ålborg bokbussmøte
Målgruppe: medlem i Mobilis. Sum: 10.000,- kr
Deltaking organisasjonsmøte / kontaktmøte
Målgruppe: Styret. Sum: 1.740,- kr
Vi søkte om kroner 8.000 og fekk kroner 5.000.
Einaste aktiviteten er deltaking på organisasjonsmøte. Her har vi kostnadsrekna til kroner 1.740, medan Tove sine kostnader kom på over kroner 5.000. Tove sender meg eit oppsett over utlegga, og så søkjer eg om kroner 5.000,-.

Budsjett 2019:
Inntekter:
Grunnstøtte: 7.140
Medlemskontingent 5.600
Aktivitetsstøtte 8.000
Frå oppsparte midlar 19.260
Totalt: 40.000
Utgifter:
Fysiske styremøter 20.000
Stipend for medlemmer 20.000
Totalt 40.000

Her har vi rekna 4 stipend for medlemmer til bokbussmøte i Tyskland. Samstundes ligg det ingenting inne for eigen deltaking på same bokbussmøte.

Sak 11: Studietur til Tyskland.
Vi lyser ut 4 stipend à Nkroner 5.000,-  

Sak 12: Brev frå Erling Bergan
I staden for å skrive eit svar på alle spørsmåla frå Erling Bergan som eit innlegg i Bibliotekaren, ynskjer vi å lage eit innlegg om dei samiske bokbussane og stoda der. Raseringa av dei samiske bokbussane har bortimot gått føre seg i det stille, og ingen kan gjere greie for situasjonen for den enkelte buss. Sigrid byrjar hente inn informasjon og lagar ei sak om dette, enten til Bibliotekaren eller Bok og Bibliotek.

Sak 13: Motinnlegg Svein Arne Tinnesand
– Bibliotekaren 4/2018 Innlegget vert sendt slik det ligg føre i siste utgåva de fekk tilsendt.

Sak 14: Kva er situasjonen for bokbussane anno 2019?
Vi snakka litt om situasjonen kring dei samiske bokbussane. Elles står det nok bra til. Bokbåten Epos lever farleg – som vanleg.

Sak 15: Eventuelt
Tema var nytt bokbuss-seminar og fysisk styremøte for å drøfte dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *