Møteinnkalling og styremøtereferat 24.10.19

Referat frå styremøtet 24.10.19 på Skype
Tid og sted: 24.10.19 på Skype
Til stades:
Sigrid Furnes, Hordaland fylkesbibliotek
Tove Nilsen, Tromsø Bibliotek & Byarkiv
Anne Gerd Lehn, Troms fylkeskommune/Kultur i Troms/ Bok- og kulturbussen i Sør-Troms

Meldt forfall: Olga Skrinde, Akershus fylkesbibliotek
Fråvær: Jørgen Betten, Tana/Nesseby bibliotek og Bokbussen Tana/Nesseby Permisjon: Kristian Nilsen, Trøndelag fylkesbibliotek Møteleiar: Sigrid Furnes Referent: Sigrid Furnes

Sak 23 Godkjenning av førre styrereferat
Sigrid hadde ein kommentar til punkt 22 om bokbåten Epos. Det er i Møre og Romsdal bokbåten er i fare ( i praksis nedlagt), ikkje i Sogn og Fjordane.

Sak 24 Permisjon frå styret
Kristin Nilsen er innvilga permisjon for hausten 2019.

Sak 25: Oppfølgingssaker
a) Nettstad til Mobilis:
NBF ventar på ny nettside. I mellomtida får vi ingen opplæring i bruk av den sida vi har, og om noko skal leggjast ut, må vi kontakte Cécilia Elsen.
– Det siste møtereferatet som er lagt ut er frå årsmøtet 25. januar 2018, og den siste saka vi har er utlysing av stipend til Hannover.
– Anne Gerd er ansvarleg for at referat frå styremøter og rapport frå studietur til Sverige vert lagt ut når ny nettstad er ope og går.
b)Bokbåten:
Møre og Romsdal fylkeskommune fatta eit vedtak om bokbåten Epos som gjorde vidare drift av tenesta vanskeleg. Kommunane måtte gå med på eit spleiselag om driftskostnadane, i tillegg til å vere ansvarlege for anbod om kva båt som skal leigast til tenesta.
c)Studietur og stipend
– Det blei lyst ut fire stipend, kvart på kr 5000.
Vi fekk to søknadar frå Tove Nilssen og frå Silje Namtvedt. Etterkvart vart det også bestemt at Anne Gerd Lehn også skulle få stipend.
– Stipendet skulle brukast til deltaking på bokbusskonferanse i Hannover i september. Undervegs vart det bestemt heller å reise til Stockholm. Konferansen vart avlyst i Stockholm, så Silje valde å ikkje reise.
– Vi har søkt Svensk Biblioteksförening om å dekke omlag kr 6000 som blei brukt på fly og hotell. Inntil vidare har vi ikkje motteke svar frå dei.
– Tove tek ansvar for at Silje får refundert utlegga sine til flybillett frå Mobilis.
– Stipendet rakk ikkje til for alle utlegga. Styret har derfor bestemt at Mobilis betaler hotell for Tove og Anne Gerd i Stockholm. I neste utgåve av Bok & Bibliotek kjem det ein artikkel frå Tove og Anne Gerds studietur.

Sak 26: Organisasjonsmøte 2019
– Tove var på organisasjonsmøte. Sigrid meldte fråfall grunna gravferd.
– Det var lite folk på eit møte som var veldig bra innhaldsmessig.
– Som døme på gode føredragshaldarar nemnde Tove representantar frå OsloMet om universell utforming. Vi har for lite fokus på dei som har andre utfordringar enn av fysisk slag. En representant frå Deichman om kommunikasjon, det er framleis Facebook som er saka. Jan-Egil Holter-Wilhelmsen frå Horten om å engasjere ungdom i biblioteket: Gaming som helsefremjande tiltak.
– Elles vart det peika på at ein i styresamanheng, må tildele medlemmar roller. Styreleiar, kasserar og sekretær var døme på funksjonar eit styre bør ha.

Sak 27: Samiske bokbussar
Det er no klart at 5 bussar held fram med redusert tilskott frå Sametinget. 3 bussar vert lagt ned. Sametinget har ikkje gjort vedtak på kva type tilskott dette er. Er det eit årleg tilskott, i så fall over kor mange år, eller er det eit eingongstilskott. Sigrid tek kontakt med Bok og Bibliotek om at artikkel må vente til meir informasjon ligg føre frå Sametinget.

Sak 28: Bibliotekmøte i Haugesund og årsmøte i Mobilis
a) Seminar: Vi har bestemt at seminar under bibliotekmøtet i Haugesund utgår. Samstundes må vi finne på noko anna. I søknad om aktivitetstilskott har vi søkt om kr 20.000 til at vi organiserer seminar.
b) Kven kjem: NBF sitt møte er dyre, og det er mange som ikkje får reise på andre konferansar, seminar og møter, dersom dei får reise på bibliotekmøtet til NBF.
Det er ytra ynskje om å knyte årsmøtet til Mobilis til eit fagleg seminar, og Se og Les i Bergen 11. -12.. februar vert peika på som aktuell stad å legge årsmøtet til Mobilis.
Det vert også peika på at stipend på kr 5.000 som t.d. til Stockholm, langt på veg ikkje dekkjer kostnadane ved å reise, og at det kan bli mykje for deltakar å dekkje sjølve, dersom arbeidsgjevar ikkje støtter opp om reisa.
Vi lyser ut 4 stipend, 2 til Se og Les og i februar i Bergen 2 til bokbusskonferanse i Luleå i august 2020.
Stipenda vert lyst ut med ein tekst som seier at søkjar må legge ved eit budsjett, så bestemmer vi storleiken på stipendet ut i frå kva kostnad den enkelte har for å kunne ta del i konferansane.
c) Framtida til Mobilis:
Vi ser det som viktig at Mobilis fortsett, og jobbar for å få på plass eit nytt styre på årsmøtet.

Sak 29: Bokbussfestival
Inntil vidare går vi vekk i frå ideen om eigen festival.

Sak 30: Eventuelt
a) Anne Gerd si kartlegging over mobile bibliotek er eit verdfullt dokument for Mobilis. Korrigerande og utfyllande informasjon vert motteke med takk. b) Bokbåten Epos er i praksis lagt ned i Møre og Romsdal. Haustens budsjetthandsaming for nye Vestland fylke blir eit vere eller ikkje vere for bokbåttenesta.

Møtet heva kl. 14:10
Sigrid, Bergen 25. oktober 2019

Innkalling til styremøte 24.10.19
Sted: Torsdag 24.10.19 på Skype
Tid: Kl. 12:30
Møteinnkaller: Sigrid Furnes
Sak 23. Godkjenning av forrige møtereferat
Sak 24: Permisjon fra styreverv:
– Kristian : hausten 2019
Sak 25: Oppfølgingssaker
Bokbusskonferanse i Hannover:
– Endring av studietur/konferansested
– Dekking av utleg til i Sverige for Silje Namtvedt
Sak 26: Organisasjonsmøte oktober 2019
Sak 27: Samiske bokbussar
– Frist for å få med saken i år i Bok og bibliotek går ut i morgon.
Sak 28: Bibliotekmøte i Haugesund og årsmøte i Mobilis
– Seminar
– Kven kjem
– Framtida til Mobilis
Sak 29: Bokbussfestival
Sak 30: Eventuelt