Møteinnkalling og styremøtereferat 19.02.18

Referat frå styremøtet 19. februar 2018 Skype
Tidspunkt: 09:30
Til stades: Sigrid, Anne Gerd, Jørgen, Kristian
Fråfall: Tove og Olga
Møteleder: Anne Gerd
Referent: Sigrid Furnes

Kommentarar til referat frå årsmøte i Tromsø, 25, januar 2018: I staden for Jørgen Betten og Karen Brigitte Borud er valt inn i styret, skal det stå at Jørgen Betten og Olga Skrinde er valt inn i styret.

Sak 1: Konstituering av styret
Styrets samansetning:
Sigrid Furnes, Hordaland fylkesbibliotek, vald til leiar av årsmøtet.
Kristian Nilsen, Trøndelag fylkeskommune, vald til nestleiar av styret
Tove Nilssen, Tromsø kommune
Anne Gerd Lehn, Troms fylkeskommune
Jørgen Betten, Nesseby kommune
Olga Skrinde, Akershus fylkeskommune.

Kristian vert ny nestleiar, Tove held fram som kasserar med Kristian som medhjelpar.

Varamedlem til styret:
Karen Birgitte Borud, Trøndelag fylkeskommune

Valkomiteen:
Trygve Ramnefjell, Oppland fylkeskommune vert spurd om han vil sitje i valkomiteen, saman med Anne Grete Lauritzen, Buskerud fylkeskommune.

Revisor: Ágúst Magnússon, Kvinnherad kommune har sagt ja til å fortsetje som revisor.

Alle som har styreverv i Mobilis sender melding til Sigrid med informasjon om adresser, epostadresser, telefonnummer og ev. skypenamn.
Anne Gerd melder inn til NBF sentralt styret si nye samansetning.

Om fullmakt for å bruke bankkort: leiar og kasserar har signaturrett.
Berg-Hansen: vi får eigen profil hos Berg-Hansen. Anne Gerd sender ut meir informasjon når alt er på plass.

Revisjon – rekneskap:
Vi reknar med at Tove har sendt dette til Ágúst, (det er gjort og ho har fått det tilbake. Regneskapet er helt i orden og godkjent.)

Anne Gerd legg ut alle innkallingar og referat på bloggen. Mobilis har også eit styrerom i Basecamp som vi kan ta i bruk. Anne Gerd syter for at alle har tilgang. Vi treng også opplæring i bruk av Basecamp.

Sak 2: Referatsaker
– Seminaret fekk bra tilbakemeldingar.
– På NBF sin blogg har hovedstyremedlem Ole Ivar Burås Storø følgjande innlegg: http://norskbibliotekforening.no/2018/02/den-vellykkede-bibliotekbussen/
– Nokre av tilbakemeldingane gjekk på at det var bra med korte innlegg.
– Om Pecha Kucha: https://en.wikipedia.org/wiki/PechaKucha
– Våre innspel til ny kulturmelding vart sende innan fristen.
Anne Gerd publiserer innspelet på bibliotenorge.no. (publisert 19.02.18)
– Søknad om aktivitetstilskot vart sende i rett tid. (søkte om 8.000 fekk 5.000)

Sak 3: Verkeplan
Skrivefeil og dårlege formuleringar i verkeplanen vert retta av Sigrid.
Anne Gerd sender denne deretter til NBF sentralt.

«Norsk Bibliotekforening inviterer til å holde lynforedrag på seks minutter om et emne du brenner for.»
Anne Gerd ber om å få ta del i open mikrofon under bibliotekmøtet i Sandefjord 4.–16. mars 2018.
Vi tek utgangspunkt i verkeplanen og flettar saman punkt 2. og punkt 3. Eller vi let innlegget handle om bibliotekfolk som ikkje ser verdien av mobile bibliotektenester.
Sigrid skriv framlegg til innlegg.
Anne Gerd melder inn innlegget i rett tid (Underteikna har gjort dette då ho skulle undersøkje fristen).
Vi bør også tenkje på om vi på same møte skal fremje eit nytt punkt til NBF sin verkeplan.

Sak 4: Sosiale mediar
Vi ynskjer å slette Facebook-gruppa «Bokbusser i Norge», og ber Tove som er administrator om å gjere dette.
Vi vil fortsetje med å presentere ny innkjøpte bussar på Mobilis si Facebook-gruppe. Anne Gerd tek i første omgang kontakt med Piteå og får informasjon om deira nye buss.

Sak 5: Styremøte og studietur til Aalborg, Danmark
– Stipend:
Det var ikkje teke noko endeleg standpunkt til studietur til Danmark. Kristian har ikkje høve til å reise, og ingen vil reise for eiga rekning.
Er studietur til Sverige like relevant? Sigrid undersøkjer moglegheita for studietur til Hordaland. Formidlingsprosjektet til Osterøy er aktuelt å få kjenneskap til, i tillegg til ny bokbuss i Kvinnherad. Eventuelt besøk på bokbåten Epos vert ein ekstra bonus.
Vedtak: Vi lyser ut stipend til eigenkomponert studietur til medlemmar av Mobilis. Sum kroner 3.000.
Sigrid skriv utkast til utlysningstekst. Det vert stilt krav om rapport.

Sak 6: Organisasjonsmøte / Kontaktmøte
Vi avventar møteinnkalling. NBF sentralt dekker kostnaden for eitt medlem. Vi føreslår at Kristian Nilsen er det medlem NBF dekkjer reise og opphald for. I tillegg ynskjer vi at Olga Skrinde tek del i organisasjonsmøte / kontaktmøte.

Sak 7: Eventuelt Bokbåttenesta i Møre og Romsdal skal evaluerast. Saksframlegget er skrive som eit nedleggingsframlegg. Mobilis er på saka.

Møtet heva kl. 11:20
Bergen, 22.02.18 Sigrid Furnes, referent

INNKALLING TIL STYREMØTE pr. SKYPE
Tid: Mandag 19.februar 2018
Tid: Kl. 09:30-11:00

Sak 1: Konstituering av styret
– Oppdatering av navn, adresser, eposter, telefonnumre og skypenavn – –     Ny innmelding til NBF om styrets sammensetting
–     Forslag valgkomite
–     Fullmakt ift banken – Tove orienterer
–     Revisjon årsregnskap
Sak 2: Referatsaker
– Seminaret og omtale i ettertid
– Innspill kulturmeldingen
– Søknad om aktivitetstilskudd
Sak 3: Virkeplan
– Jfr. årsmøteprotokoll
Sak 4: Sosiale mediar
Sak 5: Styremøte og studietur til Aarhus, Danmark
– Filibussen, DK  har treff 2. juni 2018
– Stipend medlemmer
Sak 6: Organisasjonsmøte/Kontaktmøte
NBF pleier å ha organisasjonsmøter på våren og kontaktmøter på høsten. I fjor var det kun ett felles på høsten.
Sak 7: Eventuelt
Harstad, 09.02.18 Anne Gerd

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *