Bokbåten «Epos» – omtykt kulturtilbod under press

«Siste reis for bokbåten? Vårturneen til bokbåten «Epos» kan vere siste reis for dette bibliotektilbodet.»

3. februar er dette overskrift i Vikebladet Vestposten, lokalavis for Ulstein og Hareide. Tilfeldigvis er maskinisten om bord på Epos frå Ulsteinvik. Han vert tipsa om denne artikkelen, ordet spreiar seg og vi finn fram til sakframlegg «Evaluering av bokbåttenesta», lagt fram for Kultur – og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal 7. februar 2018.

Men korleis kan den gode journalist Jorulf Myrene tru at dette er siste reis for bokbåten? Han viser til ei sak om evaluering. I saksframlegget som burde vere ei rein orienteringssak om evaluering, er evalueringa allereie i full gang. Og der er ikkje mange godord å lese om tenesta.  Det ser ut som om dei har leita med lys og lykte for å finne alle gode grunnar for å avslutte bokbåtverksemda i Møre og Romsdal. Ikkje eit ord om gleda og entusiasme båten vert møtt med. Ikkje eit ord om skular som set pris på det utvida bibliotektilbodet born får. Ikkje eit ord om viktigheit av lesedugleik hos born og unge og båten som demokratisk og utjamnande tilbod i utkantstrok. Dette set sinna i kok og får alarmklokker til å ringe hos oss som veit kva verdi tilbodet har.

Det er fleire punkt i saksframlegget som gjev grunn til uro. Det er unøyaktig og inneheld fleire feil og manglar. Det vert m.a. sagt at det er brukt 2,2 millionar kroner på båten i 2017, men det er ikkje informert om kva som ligg i denne summen. Til samanlikning vert det nytta 1,5 millionar kroner til bokbåttenesta i samarbeidsfylket Hordaland. Det vert peika på nedgang i utlån og besøk. At utlånet går ned bør ikkje vere noko overrasking, sidan det er alt lagt ned fleire stopp i Møre og Romsdal. Omfanget av kansellerte stopp vil også verke inn på utlån – og besøkstal. Dette er moment som må synleggjerast når ein vurderer endringar i utlån og besøk.

Nedgang i utlån er dessutan noko vi ser i alle bibliotek, samstundes aukar besøket i norske bibliotek, også i bokbåttenesta i Hordaland grunna omlegging av tenestene. Dette er i tråd med føremålsparagrafen i Lov om folkebibliotek.

Bygdefolket som får besøk av Epos to gongar i året, er ikkje av dei som er storforbrukarar av offentlege kulturkroner resten av året. Bokbåten er ein viktig del av den kulturelle grunnmuren, som skal sikre ytringsfridom, mangfald og tilgang på kulturopplevingar i distrikta så vel som i byane.

Samarbeidsavtalen mellom båteigar og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Hordaland går ut 31. mai 2018. I samband med dette er naturleg med ei evaluering av tilbodet. Men verken sakshandsamar, fylkeskultursjef eller fylkesrådmann har funne grunn til å informere samarbeidspartnarane om omfanget av evalueringa. Når saksframlegget er så negativt i grunntonen, og ein tillegg inneheld fleire feil, kan ein stille spørsmål ved om ikkje både Hordaland fylkeskommune og Vinnes Skyssbåtservice AS som eig og driftar bokbåten, burde vore informert om saka.

 

  • «Bokbåttenesta i Møre og Romsdal er ikkje unik i verdssamanheng». Denne rare setninga står i skrivet. Påstanden er for så vidt korrekt, sidan båten også går i Hordaland.
  • Utover det er bokbåten Epos unik. Epos er bestefar og storebror til alle andre bokbåtar i verda. Dei andre er mindre og har eit svært avgrensa tilbod. Det er vanskeleg å forstå at ein kan seie bokbåten ikkje er unik, all den tid det årleg kjem førespurnader om bilete og informasjon om båten som skal med i tidsskrift og bøker kring i verda. Til dømes var det hausten 2017 førespurnad frå eit fransk tv-team om å få vere med om bord, noko som ikkje let seg gjere grunna tid- og plassmangel.
  • Bokbåten Epos går igjen i fleire lister over unike bibliotek, her er eit par av dei:

https://www.citi.io/2018/02/27/14-epic-libraries-around-the-world/
https://litreactor.com/columns/the-10-most-unusual-libraries-in-the-world

Bokbåttenesta på Vestlandet er nærast synonymt med Epos. Og Epos har som bibliotek vore forut for si tid. Den kom med tilskipingar både for barn og vaksne lenge før landbaserte bibliotek tenkte tanken. Den har gått kontinuerleg langs vestlandskysten i over 50 år, den går i teneste i fleire veker og har med kulturutøvarar, bibliotekarar og mannskap frå stad til stad. Drifta er i tråd med Lov om folkebibliotek. Båten er og skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt og er ein garantist for at moderne bibliotektilbod finst i utkantstrok.

Bokbåten Epos er ein levande kulturambassadøren for fylkeskommunane på Vestlandet. Dei bør hegne om og vidareutvikle båten i tråd med moderne bibliotektenester.

Sjå Sunnmørsposten 10.april 2018: http://www.smp.no/meninger/ytring/2018/04/10/%C2%ABOmtykt-kulturtilbod-under-press%C2%BB-16454364.ece

Mvh Anne Gerd Lehn, Jørgen Betten, Sigrid Furnes, Olga Skrinde, Tove Nilssen og Kristian Nilsen, styremedlemmer i Mobilis.

Mobilis er ei spesialgruppe som jobbar for mobile bibliotektenester i Norge. Vi er knytt til Norsk Bibliotekforening som er ein interesseorganisasjon for fag- og folkebibliotek.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *