Mobilis’ innspel til ny kulturmelding

Innspel til ny kulturmelding

Mobilis, Norsk bibliotekforening si spesialgruppe for mobile bibliotek har dette innspelet til den nye kulturmeldinga: «Kulturpolitikk for ei ny tid»:

Som ein lekk i ein plan om å styrke den mobile bibliotekverksemda, ber vi om at bibliotekbussar på nytt vert teke inn i og nemnd i «Retningsliner for forvalting av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg» som eit av tiltaka ein kan søkje midlar til.

Den første bokbussen vart driven på privat initiativ. Det var ein bakar, som også var deltidsbibliotekar, som tenkte at «folk lever ikkje av brød åleine». Han fylte brødbilen med bøker frå folkeboksamlinga, og fór ut til lesehungrige kundar. Dette var i 1938. Seinare kom den første bussen i offentleg regi i drift i 1939 i Vest-Agder.

Gullalderen for bibliotekbussar i Noreg var etter at det kom på plass støtteordningar for mobil bibliotekverksemd. I 1995 var aktiviteten på topp, med 55 mobile bibliotek, med over 300 000 årlege besøkjande.

Utviklinga av støtteordningar starta ved at den nye biblioteklova i 1971 opna for statleg finansiering av mobile bibliotektenester med 50 % av driftsutgiftene, tilskot til innkjøp av bøker varierte. Tilskota var avhengige av kommunale og fylkeskommunale løyvingar til same føremål.

Frå det nye inntektssystemet vart innført i 1986, vart statstilskotet til bokbussdrift lagt inn i rammetilskotet til alle kommunar. Kommunane fekk 50 prosent tilskot til innkjøp, og 50 prosent til drift dei tre til fem første driftsåra.           Bokbussane ved Bergen Off. Bibliotek og Buskerud fylkesbibliotek var dei siste som fekk tilskot gjennom denne ordninga. Begge bussane er lagt ned i dag.

Frå 2001 fall det øyremerka driftstilskotet vekk. Det blei lempa inn i det generelle rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane. Investeringsstøtte til kjøp av bokbussar gjekk inn i kulturbyggordninga, men i «Retningsliner for forvalting av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg», fastsette av Kulturdepartementet og gjeldande 2010, er bokbussar ikkje nemnde som tiltak ein kan søkje midlar til.

I Noreg har vi opplevd ein dramatisk reduksjon av bibliotekbussar dei siste tiåra. I dag er det 18 bussar og ein bokbåt i drift langs heile vårt vidstrakte land. Åtte av desse bussane får tilskot frå Sametinget, som ser på bokbussar som eit viktig insitament for å ta vare på og styrke samisk litteratur, kultur og tradisjon. Mange av bibliotekbussane i Noreg kallar seg ikkje bokbussar eller bibliotekbussar, men kulturbussar. Like eins som stasjonere bibliotek, oppfyller bibliotekbussane krava i ny formålsparagraf om å vere arena for kulturell verksemd, aktiv formidling og som verdinøytral møteplass. Bibliotekbussane rullar kring på vegane som levande og aktive små kulturhus.

I land det er naturleg å samanlikne seg med, Finland og Sverige, er talet på bokbussar mykje høgare. Per 2013 var det 147 bokbussar i drift i Finland.

Statistikk viser at dersom det er meir enn fem kilometer til næraste bibliotek, så vert ikkje biblioteket brukt. Det er ein samanheng mellom urbanitet og bruken av faste kulturinstitusjonar. Der det ikkje er ein verkeleg levande tettstad, er det det vanskeleg å gå til levande bibliotek. Mobile bibliotek er demokratiske og utjamnande verkemiddel i eit land med spreidd busetnad.

Forsking viser at aktiv lystlesing er den faktoren som spelar mest inn på barn sine skulepresentasjonar, faktisk mykje meir enn ein anna kjend faktor, foreldra sitt utdanningsnivå. Skulebiblioteka kring i landet vårt er mest kjende for å vere av dårleg kvalitet, og mobile bibliotek har vist seg å vere det enkelttaket som enklast bidreg til at barn låner bøker. Dermed har bibliotekbussar ei viktig rolle som sosial utjamnar, når dei med jamne mellomrom vitjar barnehagar og skular, med gode boksamlingar og kulturprogram.

Mobilis representerer i dag ei lita gruppe innan bibliotekverksemda, men med gode besøkstal og høge utlånstal. Vi får støtte frå vår eigen moder- og interesseorganisasjon, Norsk Bibliotekforening, men utover det er vi ganske åleine om å snakke mobile bibliotek si sak. Statens forvaltningsorgan, Nasjonalbiblioteket, har aldri vore ein stor pådrivar for mobile bibliotektenester. Mobile bibliotektenester er ikkje nemnde i Nasjonal bibliotekstrategi 2015-2018. Haldninga  er at mobile bibliotek ikkje skal ha noko særstilling og skal handsamast likt med bibliotekvesenet elles. Dette vert veldig feil i ei tid der norske folkebibliotek er alvorleg underfinansierte og kor investeringane til bokbussar er ein stor ekstrakostnad, som det er vanskeleg å finne rom for i slukne budsjett.

Bodskapen vår er difor at bibliotekbussar på ny vert nemnde som eit av tiltaka ein kan søkje midlar til i «Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg».

Slik er teksten i per i dag:
«Tilskuddene skal bidra til egnede lokaler, bygninger og utearenaer som gir rom for ulik kulturell virksomhet. Tilskudd kan gis til kulturhus, flerbrukslokaler eller spesiallokaler for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokaler, konsertsal eller formidlingslokaler for billedkunst».

 Bibliotekbussar er spesifikt ulik dei tiltaka som er nemnde, og bør difor vere spesifikt nemnd som tiltak ein kan søkje tilskot til.

Det vil likevel vere ei prioriteringssak for fylkespolitikarane kva tiltak som skal få støtte. Men så lenge bibliotekbussar ikkje er nemnde, og med det er uklårt om dei kvalifiserer til å søkje, vil det berre vere eit spørsmål om tid før mobile bibliotek er historie i Noreg.

 

Styret i Mobilis, 30.01.18

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *